
Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.
Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.
Forfattar:
Ahmet Mithat
2020
Nynorsk
12,0 x 18,0 cm
224 sider
Innbunden med svart tråd, fleksibind med klaffar i tekstil, silketrykk.
Formgjeving: Andreas Töpfer, Øystein Vidnes, Stefan Ellmer
Omsetjing: Gunvald Axner Ims
ISBN 9788279593102
– Boka er ironisk, munter og småfrekk, men syner òg fram konfliktar. Ims nytter i si spretne og energiske omsetjing eit spekter av kraftfulle og folkelege vendingar: ei kvinne er 'ei kraftig, fransk dundre' og ei bukse som sprekk 'trong som eit pølseskinn'. Resultat er ei norsk bok der 150 år gamle karakterar og omstende vert særs levande.
Kvinna som klemde han, var kokka, og
no forstod de vel kva som hende med majonesen?
Felâtun bey og Râkım efendi (1875) er eit av dei mest kjende verka til den folkekjære tyrkiske forfattaren Ahmet Mithat. Det er ein samtidsroman frå Det osmanske riket, skriven i ein periode prega av vestleggjering. Romanen kan både lesast som ein parodi på feilslått europeisering og som eit bidrag til å setje tradisjonelle samfunnsordningar under debatt.
For å balansere impulsane frå aust og vest, skaper forfattaren to parallellfigurar. Felâtun bey, den europeiserte snobben, lever eit dekadent liv, med alvorlege følgjer. Motspelaren Râkım efendi representerer tradisjonelle, muslimske verdiar og arbeidsmoral.
Stilistisk kombinerer Ahmet Mithat impulsar frå populære europeiske føljetong-romanar med ironien i den orientalske forteljartradisjonen og skuggeteateret. Romanen er også eit interessant tidsdokument som gir lesaren eit unikt innblikk i Istanbul på slutten av 1800-talet.
SKALD
Postboks 61
6861 LEIKANGER
Besøksadresse:
Gamlehotellet
Riverdalen 1
6863 LEIKANGER
E-post: forlag@skald.no
Tlf: 57 65 41 55
Nettbutikken og betalingsløysinga blir handsama av betalingsleverandøren PayPal. Betalingar via PayPal er sikra av PayPal Kjøperbeskyttelse og Selgerbeskyttelse (vilkår gjelder). Du kan bruke din PayPal-konto, debit- eller kredittkort.
Personopplysningar blir handsame i tråd med gjeldande norsk lov om personvern og innsynsrett.
Når kjøpet er registrert vil du få ein e-post som stadfesting.
Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn, faktura- og leveringsadresse.
Vi leverer fraktfritt innanfor Noreg. For sendingar til utlandet kjem frakt i tillegg.
Returrett innan 14 dagar frå mottaking av varene. Evt. frakt på retur blir betalt av bestillar.
Our titles are available for foreign language editions. For further information, please contact:
Simone Stibbe
E-Mail: simone@skald.no
Vi er alltid nysgjerrige på nye idear og manus.
Send manuset som worddokument til manus@skald.no.
Generelt vurderer vi tekstar både på nynorsk og bokmål med unnatak av barnebøker som berre vert vurderte og utgitte på nynorsk.
Vi gjer merksam på at papirmanus, utskrifter, dummies o.l. berre vert returnerte viss det er lagt ved frankert returkonvolutt.
Legg gjerne ved eit følgjebrev med nokre opplysningar om deg sjølv og bakgrunnen til prosjektet. Hugs også telefonnummer og e-postadresse. Dersom du sender manuskript til fleire forlag samtidig, vil vi helst ha beskjed om det.
Vurderingstida på manuskript er normalt seks til åtte veker. I periodar med stort arbeidspress og/eller ferieavvikling kan det ta litt lengre tid. Vi er ein liten redaksjon og får til tider mange manus. Vi prøver å vurdere det meste innan rimeleg tid, men ber om forståing om det i nokre tilfelle kan ta lenger tid. Når redaksjonen er ferdig med vurderinga, vil du få ei skriftleg tilbakemelding på e-post.