Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.

Den vesle bygda Fripp lever av å selja geitemjølk. Romoane sel mjølk, Rongsane sel mjølk og det same gjer ei jente som heiter Kapabla. Ho bur saman med far sin. Uheldigvis er bygda fullstendig infisert av gapparar. Gapparane er knall oransje med ørten auge og har ei unik evne til å få geiter til å slutta å gje mjølk. Kvar natt festar dei seg til geitene, og kvar morgon plukkar ungane i bygda dei av og hiv dei i havet. Ein dag føreslår ein glup gappar at dei skal konsentera seg om huset som er nærast havet: Kapabla sitt. Ein hjartevarmande og fabelaktig barneroman om operasongarar, naboar, kvitmåla fisk og ørten hylande gapparar. George Saunders er eit kjend namn i heimlandet USA og er i ferd med å byggja seg opp ei solid fanskare her i Noreg. Boka "Lykkeland" kom ut på Damm i 2006 og dette er den fyrste barneboka hans på norsk. Utgjeve i nynorsk- og bokmålsutgåve.