
Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.
Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.
Forfattar:
Anton Tsjekhov
Formgjeving: Øystein Vidnes, Stefan Ellmer, Andreas Töpfer
Omsetjing: Geir Pollen
ISBN 9788279593034
Bøkene i klassikarserien er godt innbundne, vakre og lette å ta med seg. Skulle du likevel har bruk for ein e-bokversjon, kan du få tak i den i dei fleste e-bokformata:
Anton Tsjekhov skreiv over 200 noveller, i tillegg til skodespela som han er mest kjend for. I tekstane sine skildrar han kvardagen i den russiske provinsen og dei vanskelege vilkåra mange levde under.
Tsjekhov vaks sjølv opp i tronge kår, som eitt av seks søsken i byen Taganrog sørvest i det russiske riket. Etter at familien flytta til Moskva, måtte den mindreårige guten klare seg sjølv gjennom skulegangen og tene til livets opphald ved å selje lausvarer. Han fekk seinare stipend til eit medisinstudium i Moskva. Frå slutten av 1880-talet blei skrivinga hovudyrket hans, men han la aldri medisinen heilt frå seg.
I utvalet til klassikarserien har vi samla seks noveller, skrivne mellom 1892 og 1899 i tida etter Tsjekhovs lange reise gjennom det svære russiske riket og til fangeøya Sakhalin. Denne reisa danna eit tydeleg skilje mellom den tidlege og seine forfattarskapen hans, og det er her realismen verkeleg trer fram i Tsjekhovs tekstar. I nokre år budde han på garden Melikhovo i Lopasnja (i dag Tsjekhov), 80 km sør for Moskva. Der praktiserte han legeyrket i hovudsak på dugnad. Motiv frå denne tida finn vi til dømes att i ei av hans mest kjende noveller, 6.avdeling. Den svarte munken og Bønder vart også til på den tida.
Eit tuberkulose-utbrot i 1897 tvang Tsjekhov til å flytte til varmare strøk, og han busette seg på Krim-halvøya. Rundt denne tida vart han kjent med skodespelaren Olga Knipper som han gifta seg med i 1901. Dette innebar også ei ny vending i forfattarskapen. I huset i Jalta skreiv han den kanskje mest kjende av sine noveller Dama med hunden. Med i denne utgåva er dessutan dei to novellene Elsklingen og I dalbotnen.
Tsjekhovs prosa kan i dag lesast som ein presis dokumentasjon av det russiske samfunnet på slutten av 1800-talet, og fleire av tekstane hans har blitt filmatiserte.
Følg klassikarserien på Facebook @nynorskeklassikarar
SKALD
Postboks 61
6861 LEIKANGER
Besøksadresse:
Gamlehotellet
Riverdalen 1
6863 LEIKANGER
E-post: forlag@skald.no
Tlf: 57 65 41 55
Nettbutikken og betalingsløysinga blir handsama av betalingsleverandøren PayPal. Betalingar via PayPal er sikra av PayPal Kjøperbeskyttelse og Selgerbeskyttelse (vilkår gjelder). Du kan bruke din PayPal-konto, debit- eller kredittkort.
Personopplysningar blir handsame i tråd med gjeldande norsk lov om personvern og innsynsrett.
Når kjøpet er registrert vil du få ein e-post som stadfesting.
Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn, faktura- og leveringsadresse.
Vi leverer fraktfritt innanfor Noreg. For sendingar til utlandet kjem frakt i tillegg.
Returrett innan 14 dagar frå mottaking av varene. Evt. frakt på retur blir betalt av bestillar.
Our titles are available for foreign language editions. For further information, please contact:
Simone Stibbe
E-Mail: simone@skald.no
Vi er alltid nysgjerrige på nye idear og manus.
Send manuset som worddokument til manus@skald.no.
Generelt vurderer vi tekstar både på nynorsk og bokmål med unnatak av barnebøker som berre vert vurderte og utgitte på nynorsk.
Vi gjer merksam på at papirmanus, utskrifter, dummies o.l. berre vert returnerte viss det er lagt ved frankert returkonvolutt.
Legg gjerne ved eit følgjebrev med nokre opplysningar om deg sjølv og bakgrunnen til prosjektet. Hugs også telefonnummer og e-postadresse. Dersom du sender manuskript til fleire forlag samtidig, vil vi helst ha beskjed om det.
Vurderingstida på manuskript er normalt seks til åtte veker. I periodar med stort arbeidspress og/eller ferieavvikling kan det ta litt lengre tid. Vi er ein liten redaksjon og får til tider mange manus. Vi prøver å vurdere det meste innan rimeleg tid, men ber om forståing om det i nokre tilfelle kan ta lenger tid. Når redaksjonen er ferdig med vurderinga, vil du få ei skriftleg tilbakemelding på e-post.