Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.

Og det er som om heile verda ser på meg,
skjuler seg og ventar på at eg skal skjøne henne.

Anton Tsjekhov skreiv over 200 noveller, i tillegg til skodespela som han er mest kjend for. I tekstane sine skildrar han kvardagen i den russiske provinsen og dei vanskelege vilkåra mange levde under.

Tsjekhov vaks sjølv opp i tronge kår, som eitt av seks søsken i byen Taganrog sørvest i det russiske riket. Etter at familien flytta til Moskva, måtte den mindreårige guten klare seg sjølv gjennom skulegangen og tene til livets opphald ved å selje lausvarer. Han fekk seinare stipend til eit medisinstudium i Moskva. Frå slutten av 1880-talet blei skrivinga hovudyrket hans, men han la aldri medisinen heilt frå seg.

I utvalet til klassikarserien har vi samla seks noveller, skrivne mellom 1892 og 1899 i tida etter Tsjekhovs lange reise gjennom det svære russiske riket og til fangeøya Sakhalin. Denne reisa danna eit tydeleg skilje mellom den tidlege og seine forfattarskapen hans, og det er her realismen verkeleg trer fram i Tsjekhovs tekstar. I nokre år budde han på garden Melikhovo i Lopasnja (i dag Tsjekhov), 80 km sør for Moskva. Der praktiserte han legeyrket i hovudsak på dugnad. Motiv frå denne tida finn vi til dømes att i ei av hans mest kjende noveller, 6.avdeling. Den svarte munken og Bønder vart også til på den tida. 

Eit tuberkulose-utbrot i 1897 tvang Tsjekhov til å flytte til varmare strøk, og han busette seg på Krim-halvøya. Rundt denne tida vart han kjent med skodespelaren Olga Knipper som han gifta seg med i 1901. Dette innebar også ei ny vending i forfattarskapen. I huset i Jalta skreiv han den kanskje mest kjende av sine noveller Dama med hunden

Tsjekhovs prosa kan i dag lesast som ein presis dokumentasjon av det russiske samfunnet på slutten av 1800-talet, og fleire av tekstane hans har blitt filmatiserte.


Boka kjem ut i serien SKALDs klassikarar – ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.