Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.

Ahmet Mithat

Ahmet Mithat (1844–1912) var ein engasjert folkeopplysar, fødd i Istanbul, og ein av dei første romanforfattarane i tyrkisk litteratur. Livsverket hans omfattar rundt 40 romanar, fleire novellesamlingar og litteraturkritiske artiklar. Etter fleire omflakkande år som førte han til Balkan, Bagdad og Rodos, returnerte han til Istanbul i 1870-åra og etablerte seg som avismann, utgjevar og kulturkritikar. Han hadde band til den moderne reformrørsla, men stilte seg samstundes kritisk til den utsvevande og europeisk-inspirerte livsstilen til mange i hans generasjon, og gjorde «den europeiske snobben» til ein sentral litterær figur.