The Bitcoin Collective består av åtte forfattarane som isolerte seg i eit hus i California i 2019 for å skrive ei enkel innføring i Bitcoin. Forfattarane er aktivistar, forelesarar, entreprenørar, bedriftsleiarar, investorar og forskarar. Dei kjem frå Afrika, Asia, Europa, Nord- og Sør-Amerika. Dei er ulike på mange måtar, men dei er samla i trua på framtida til Bitcoin som ein fredsskapande valuta.

Timi Ajiboye er programvareutviklar og gründer frå Lagos i Nigeria. Han var med på å grunnleggja BuyCoins (buycoins.africa), som han også driv. Det er ein handels-plass der afrikanarar enkelt kan kjøpa og selja bitcoin for lokal valuta.

Luis Buenaventura er ein av grunnleggjarane av BloomX
(bloom.solutions), ei oppstartsbedrift på Filippinane som tilbyr sikker handel med kryptovaluta. Luis er ein kreativ forelesar og forfattar. Han har også etablert Cryptopop.net, eit kunstinitiativ som skal forbetra tilgangen av krypto til breie lag av folket.

Alex Gladstein er Chief Strategy Officer i Human Rights Foundation (hrf.org), ein ideell organisasjon som arbeider for menneskerettar og utfordrar autoritære regime. Han underviser også i Bitcoin og styring for Singularity University og har skrive om skjeringspunktet mellom teknologi og
fridom i publikasjonar som TIME, CNN og Bitcoin Magazine.

Lily Liu er investor og entreprenør. Ho er medgrunnleggjar av og Chief Financial Officer i Earn.com, ei plattform der du kan tena bitcoin på fritida. Earn.com vart selt til Coinbase i 2018. Før det deltok ho i bygging av sjukehus i Kina og arbeidde i KKR (Kohlberg Kravis Roberts) og McKinsey. Ho har studert ved Stanford og Harvard.

Alexander Lloyd har investert i ulike oppstartsbedrifter sidan 1998, og i 2008 etablerte han Accelerator Ventures. Den første jobben hans var som valutahandlar hos Goldman Sachs. I 2016 vart han styremedlem i Human Rights Foundation, der han arbeider særleg med Nord-Korea.

Alejandro Machado er grunnleggjar av Open Money Initiative (openmoneyinitiative.org), ein ideell organi-sasjon som forskar på korleis folk brukar pengar i lukka økonomiar og sviktande pengesystem. Han arbeider særleg for lettare tilgang til digitale pengar for folk i Venezuela.

Jimmy Song er bitcoinutviklar, forelesar og entreprenør. Han har skrive boka Programming Bitcoin (programmingbitcoin.org), publisert av O’Reilly. Han er særleg oppteken av stabile pengar. Cowboyhatten er varemerket hans, og fargen på hatten syner om han er i godt eller dårleg humør. PGP-fingeravtrykket hans er C1D7 97BE 7D10 5291 228C D70C FAA6 17E3 2629 E455.

Alena Vranova har utvikla framgangsrike bedrifter innan finansielle tenester sidan 2003. Dei siste sju åra har ho hjelpt privatpersonar og mindre bedrifter med å ta kontroll over og sikra eigne bitcoin ved hjelp av ulike produkt og tenester. I 2013 introduserte ho Trezor, den første maskinvarelommeboka for bitcoin, og ho leiar no strategiarbeidet til Casa (keys.casa) for auka finansiell sjølvråderett og god bitcoinsikkerheit for alle.

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk