Fumiko Hayashi (1903–1951) er ein av dei mest folkekjære forfattarane i moderne japansk litteratur. Ho vaks opp som barn av to omstreifande kremmarar og levde frå hand til munn til ho var langt opp i tjueåra. Ho fekk lite skulegang, men byrja skrive litterært allereie som tenåring.

Hayashi vart med i ein radikal kunstnarkrets i Tokyo, med anarkistar og dadaistar som ville fornye kunsten og braut med konvensjonar. I verka sine kombinerte Hayashi det avantgardistiske med det folkelege, og ho skildra fattigdom, krig og kjærleik frå eit kvinneleg perspektiv.

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk