Vi søker forlagsmedarbeider/forlagsredaktør

Har du auge for godt språk, er strukturert og har erfaring frå administrasjonsarbeid? Skald søker etter deg som har lyst på spennande utfordringar i eit nyskapande forlag. Du kjem til å jobba tett på forlagssjefen, både administrativt og redaksjonelt.

Stillinga vil vera ei unik moglegheit for dei som vil læra om alle delar av forlagsdrifta. Vi ser etter nokon som kan jobbe 100%, men stillingsprosenten kan tilpassast dine ynske. Arbeidsstaden er Leikanger i Sogndal kommune.

Sentrale oppgåver vil vera:
– redaksjonelt manusarbeid, i hovudsak sakprosa
– prosjektleiing
– administrative oppgåver alt etter kompetanse
– produksjon av innhald til marknadsføring og media

Oppgåver kan også vera, alt etter kompetanse:
– administrasjon av bokklubben Nynorske klassikarar
– administrasjon av nettbutikk
– ordrehandtering og bokhandlarkontakt
– pressearbeid
– div. designarbeid som annonsar, plakatar
– div. sekretærarbeid

Vi er eit lite forlag med 3–4 årsverk, og du vil bli ei sentral brikke. Arbeidsoppgåvene vil variere og det er høve til å tilpasse oppgåvene til din kompetanse og dine interessefelt. Manusarbeidet vil i hovudsak gjelde sakprosa, noko som krev brei interesse og vilje til å fordjupe seg i ulike tema. Fordeling av arbeidet mellom det redaksjonelle og det administrative kan variere alt etter oppdragssituasjon.

Du bør vere ein open og effektiv person som:
– er systematisk og sjølvstendig
– likar orden og er glad i administrasjonsarbeid
– er kreativ og likar å produsere ulike tekstar
– jobbar svært strukturert og fokusert
– er fleksibel og likar at arbeidsoppgåvene varierer
– har god datakunnskap og arbeidskapasitet
– har svært god språkkunnskap i begge målformer

Søkarar med erfaring vil bli prioriterte.

Vi tilbyr:
– ei variert og utfordrande stilling i eit velrenommert forlag
– eit kjekt arbeidsmiljø i trivelege omgjevnadar på Gamlehotellet i Leikanger
– løn etter avtale
– tidspunkt for tilsetting: snarast

Stillinga vert utlyst som eittårig engasjement, men vi vil vurdere forlenging undervegs.

Ta kontakt på tlf. 905 94 822 eller sjå www.skald.no.
Kortfatta søknad der du få fram kva av ovannemnde oppgåver du ser for deg kan passe for deg og CV kan sendast til simone@skald.no innan 25. september 2022.

Engasjement:

  • 100 % stilling,
    eittårig med høve til forlenging

Arbeidsstad:

  • Leikanger

Søknad:

  • Kortfatta søknad og
    CV kan sendast til simone@skald.no
    innan 25. september 2022
Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk