På Litlebergen i Vestland bur Haakon Aase, Noregs kanskje fremste tørrmurar. I Oslo sit dotter hans og kjenner på eit ansvar for å ta vare på arven etter faren. Ho vil lære seg å mure med stein.

Tørrmuring er ein av dei aller eldste byggjeteknikkane til menneska, og har lange tradisjonar i Noreg. Du ryddar marka, fjellsida eller åkeren fri for stein og nyttar han til å byggje gjerder, bakkemurar, hus, bruer, vegar. Utan mørtel, berre stein, heilt tørt. Det er både berekraftig og miljøvennleg.

I dette bokprosjektet er arkitekten Kjersti Aase Winjum læresvein, og faren er læremeister. Saman murer dei ein støttemur på garden hans, etter same grunnprinsipp og med same materiale som ein vestnorsk jarnalderbonde nytta til langhuset sitt, som inkaene mura husa sine med og som ein middelaldermurar frå det gamle Store Zimbabwe bygde bymurar med.

Den raude tråden i boka er samtalane mellom far og dotter på byggjeplassen – ei slags direktesending av handlingsbåren kunnskapsoverføring. Dette gir eit heilt unikt innblikk i korleis handverkstradisjonar i praksis blir nedarva frå generasjon til generasjon.

I tillegg til å vise fram korleis handlingbåren og immateriell kultur i praksis blir tradert frå generasjon til generasjon, kjem boka med ei grundig framstilling av både faget, historia og framtidsutsiktene til tørrmuring i Noreg – og er samstundes eit portrett av ein av Noregs dyktigaste kulturhandverkarar.

Med foto av Morten Spaberg og illustrasjonar av Kristian Krogh-Sørensen.

2022
Nynorsk
17,0 x 24,0
192 sider
Trådinnbunden med kvartbind i tekstil, 5-fargetrykk, foliepreg.

Formgjeving: Aslak Gurholt Rønsen
Foto: Morten Spaberg
Illustrasjon: Kristian Krogh-Sørensen

ISBN 9788279593478

Sagt om boka:

«Winjums bok er ei levandegjering av såkalla taus kunnskap, som er blitt overlevert frå generasjon til generasjon. I tillegg til grundig innføring i tørrmuringas historie, ulike byggjeteknikkar og bruk av nødvendig reidskap som holsett, piggsett, slegge, spett, steinhammar, meisel, vater og rettholt, er boka bygd opp som en nærmast platonsk dialog mellom far og dotter gjennom korte arbeidsøkter gjennom eit år på farens gard i Litlebergen.»

«Denne boken formidler kva som trengs av redskap for å bygge en mur på en måte som gir respekt for et gammalt håndverksfag.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk