Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Multikunstnaren Oddvar Torsheim ligg ikkje på latsida. Han forsyner jamleg det norske folk med skarpe tekstar, treffande bilde og  songar med fråspark. I mai opnar utstillinga Ymsedamer på Mohn kunsthandel i Bergen, og samstundes gir SKALD ut boka med same namn.

Ymsedamer er ei frisk lita bok med til no upubliserte teikningar frå dei tre siste åra. Her er damer i alle variantar:  Appelsindronningar og kalde jomfruer,  Bente Bakantil og Frida Framifrå. Kvinner mange av oss kan kjenne igjen, eller ynskje vi ikkje hadde kjent. Dei torsheimske bildetitlane er einaste tekst i boka, og ho fell såleis i kategorien lettlest, men ikkje lettgløymd. 

Boka er ein stor bukett frodige damer og erstattar gjerne ei blomsterhelsing!