skald.no > Utgjevingar > Voss
Ei praktbok om bygda Voss sett gjennom fotograf Kjell Herheim sine bilete. Bileta fortel om nærare 60 år med folk og situasjonar – ei bok som vil gleda og mora mange!
Innb. 24 x 26 cm, nynorsk, s. 240.
UTSELD!
Faren til Kjell Herheim starta opp fotoforretning på Voss på 50-talet, og sonen driv framleis denne butikken i dag. Tidlegare spela yrkesfotografen ei viktig rolle når det gjaldt å dokumentera både kvardag og fest. Det var vanleg at fotografen i bygda vart kalla ut av dei store landsdekkjande avisene til oppdrag viss det skjedde noko spesielt på dei kantar; ulukker, sportshendingar eller besøk av berømte personar.
Denne boka er for alle med tilknyting til Voss, anten det er gjennom slekt, vener eller som ein av dei mange nye hyttebebuarane.
Last ned ein smakebit av boka her:
- Smakebit: Voss
PRESSE OM BOKA:
– Det gjer sterkt inntrykk, skriv Bjarte Botnen i Vårt Land (3. des)
ISBN 9788279591290
Kr 398,-