Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Boka tek deg med på ei vestlandsreise på slutten av 1800-talet. Her er samla 80 klassiske turistmotiv frå landsdelen – frå Hardanger i sør til Romsdalen i nord. Bileta er typiske for si tid, og motiva frå kvardagsliv, byliv, landskap og arkitektur fall i smak hjå dei reisande. 

Bileta ser ut som handkolorerte fotografi, men for at dei skulle kunne masseproduserast, har dei vore gjennom ein spesiell litografisk prosess som vert kalla Photochrom. Teknikken var utbreidd frå 1800-talet, og rundt år 1900 florerte det av slike fotolitografi. I 1985 fekk det amerikanske nasjonalbiblioteket i Washington DC, Library of Congress, hand om unike samlingar med over 6000 bilete frå Europa, og eit knippe av desse var frå Norge. Samlingane kom til Amerika frå Galleri Muriset i Zürich i Sveits.