skald.no > Utgjevingar > Vestlandsreisa

Agnes Brudvik Engeset

Vestlandsreisa

Vestlandsreisa

Boka tek deg med på ei vestlandsreise på slutten av 1800-talet. Her er samla 80 klassiske turistmotiv frå landsdelen – frå Hardanger i sør til Romsdalen i nord. Bileta er typiske for si tid, og motiva frå kvardagsliv, byliv, landskap og arkitektur fall i smak hjå dei reisande.

Innb. 19,2 x 14,7 cm, nynorsk/engelsk, 128 sider

Bileta ser ut som handkolorerte fotografi, men for at dei skulle kunne masseproduserast, har dei vore gjennom ein spesiell litografisk prosess som vert kalla «Photochrom». Teknikken var utbreidd frå 1800-talet, og rundt år 1900 florerte det av slike fotolitografi. I 1985 fekk det amerikanske nasjonalbiblioteket i Washington DC, Library of Congress, hand om unike samlingar med over 6000 bilete frå Europa, og eit knippe av desse var frå Norge. Samlingane kom til Amerika frå Galleri Muriset i Zürich i Sveits.

DIPLOM I ÅRETS VAKRESTE BØKER 2010!

Les ein smakebit av boka her:
- Smakebit: Vestlandsreisa

PRESSE OM BOKA:

– Ein vakkar draum […] utsøkt og elegant formgjeven av Silje Nes, skriv Oddleiv Apneseth i Bergens Tidende (5. mai 2009)

– Biletskatt i bokform, skriv Terje Engås i Sunnmørsposten (29. april 2009)

ISBN 978-82-7959-135-1
Kr 248,-