Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Vakre, spennande Hordaland! Nokre av opplevingane kjenner du til, nokre har du aldri høyrt om - alle er vel verde turen! Forfattar Kjersti Mjør og fotograf Helge Skodvin tek oss med på 52 handplukka attraksjonar i Hordaland. Boka skal vera ei kjelde til å finna nye mål for søndagsturen eller ei inspirerande stund i godstolen. 

Har du vandra den trondhjemske postvei i Lindås? Visste du om den nydelege gravlunden ved Valen sjukehus? Kortid var du sist på gourmetrestaurant i Modalen? Høyrest det artig ut med omvisning på Janusfabrikken på Espeland? Og har du vore innom bruktkafeen i Evanger? Nettopp!