Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.

Utsett til 2019.

Sidan 1970-åra har kunstnaren Oddvar Torsheim alltid hatt ei skisseblokk med seg, anten han er heime, ute på dei daglege spaserturane sine, i butikken eller på reise. I desse noterer han flittig innfall, små tekstar og skisser som seinare kan bli utgangspunkt for kunstverk. Skisseblokkene, til saman over 400, har han tatt vare på.

No har Torsheim gått gjennom dette rikhaldige materialet i lag med bokdesignar Silje Nes. Resultatet av fleire tusen sider har blitt komprimert til ei samling skisser, nokre er blitt til kjende verk, andre er innfall og teikna notat. Torsheim kommenterer og reflekterer rundt desse i boka. Dei korte tekstane gir eit unikt innsyn i tankane til kunstnaren. 

Meir enn noko anna bok presenterer Ulyzes den mangfaldige og folkekjære multikunstnaren Oddvar Torsheim sitt ville samansurium av tankar og idear.