Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.

Den folkekjære kunstnaren Oddvar Torsheim fyller 80 år 2. november 2018. I det høvet lanserer SKALD – i samarbeid med Sogn og Fjordane kunstmuseum – ei jubileumsbok som oppsummerer hans liv og virke, med hovudvekt på kunsten. Forfattar er Lars Elton.

Torsheim er kjend for sin humoristiske og samfunnskritiske strek. Heilt sida studietida har han vore ein samfunnsengasjert kunstnar oppteken av miljøvern, politikk, kjønnsroller og livssyn. Gjennom 50 års aktivitet har Torsheim formidla motsetnadar mellom by og bygd, kvinne og mann, natur og teknologi. Torsheim sitt samfunnsengasjement har resultert i ein omfattande produksjon av måleri, grafikk og teikning.