Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

La deg inspirera til nye skieventyr i Vossafjella med denne rikt illustrerte guiden. Boka skildrar 50 turar på 37 fjell med nedkøyringar av ulik vanskegrad i områda rundt Vangsen, i Indre Hardanger, Raundalen, Vossestrand, Jordalen og Aurland.

Turane er systematiserte etter område, topp og rute. Den gjev deg også ei innføring i grunnleggjande skredkunnskap. Forfattar Øyvind Birkeland har gått desse fjella opp og ned og på langs sidan han var gutunge og deler gode erfaringar med alle som tenkjer seg til fjells – høgt til fjells!