skald.no > Utgjevingar > TIL FJELLS i Sogn og Jotunheimen
Tor Yttri har gjennom mange år samla på naturopplevingar. Gjennom denne praktboka ynskjer han no å dela opplevingane med andre. Dei personlege og humoristiske turskildringane hans er prega av ei smittsam turglede, og det er vanskeleg å ikkje verta riven med. Han tek lesaren med på både fottur, skitur, padletur, klatretur, ridetur og tinderangling.
UTSELD!
I tillegg til klassiske turmål som til dømes Jostedalsbreen, Mørkrisdalen og Skagastølsryggen, ynskjer Yttri å visa mindre kjende perler som til dømes Sogndalsdalen med fjelltoppane Frudalshesten og Blåfjell. I Luster avslører han mellom anna gode fiskeplassar i Feigedalen, padlar mellom isfjell på Styggedalsvatnet og overnattar i den utruleg vakre Yngsdalen.
Innb, 22,5 x 24,5 cm, nynorsk, 196 sider
PRESSEOMTALER:
– Boken bobler av turglede, og det er bare å lese og la seg inspirere, skriv Kristen Nyberg (Ute, Nr. 3 2007)
– Ei spenstig, informativ og levande forteljing i … kanskje det mest unike naturområdet i Europa, skriv Inge Kjell Holme, friluftsjournalist i NRK.
(Sogn Avis, 25. november)
Terningkast 5 frå VG:
– Tor Yttri har en frisk vri, skriv Jan Christensen (VG, 6. desember)
– Som inspirasjonskilde fungerer boka … også for oss lenger sør. Gjennom personlige og humoristiske turskildringer stimulerer han andre til å kopiere det han selv har opplevd, skriv Helge Johanson (Stavanger Aftenblad, 1. desember)
– Det er sjelden å lese ein forfattar som er så oppglødd over temaet sitt som Tor Yttri, skriv Bjarte Botnen (Vårt Land, 9. januar 2007)
Heile bokomtalen finn du her: www.vl.no
NEDLASTINGAR:
– Last ned ein smakebit av boka:
Til fjells_smakebit.pdf
– Last ned bokplakaten her: bokplakat_tilfjells.pdf
– Du treng Adobe Reader til å opne fila. Programmet kan du laste ned gratis her: - Adobe Reader
ISBN 978-82-7959-087-3
Kr 368,-