Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Feskriftet til Johs. B. Thue sin 70-årsdag er ei blanding av døme på jubilanten sin skrivekunst og artiklar skrivne av vener og kjenningar. Tematikken er vid, både i det som er valt ut frå Johs B. sin rike produksjon, og hjå dei andre skribentane.

Blant bidragsytarane er Kjartan Rødland, Georg Arnestad, Eli Bjørhusdal og Sigmund Thue. Nokre av skribentane tek for seg Johs B. sin skrivekunst, nokre gir meir direkte omtale av jubilanten, medan andre tek opp emne som vi veit Johs B. er oppteken av: Dei spenner frå lokalhistorie, kommunestrukturar, utdanningspolitikk og til – ja, sjølvsagt – mat.