Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

 

I oktober rundar Stend Vidaregåande skule i Fana i Bergen 150 år med samanhengande skuledrift. Jubileet vert markert med boka Stend. Kultursentrum gjennom to tusenår. Ei rekkje bidragsytarar skriv i denne omfattande boka den lange og innhaldsrike historia til Stend, heilt attende frå 200-talet og fram til moderne tid, med historikarane Yngve Nedrebø og Gaute Losnegård som dei mest sentrale forfattarane. 

Skulen, som ligg i Fana bydel i Bergen, har vore i drift sidan 1866. Skulen er i dag eit eige gardsbruk med mange ulike læringsarenaer med ca. 430 elevar.

Frå 1990 til 2016  går Stend gjennom store endringar, slik at skulen nesten ikkje er attkjennande. Frå å vere ein fullblods jordbruksskule som dreiv med konvensjonell landbruksutdanning, og der dei fleste elevane budde på skulen, har Stend no gått til å vere ein skule først og fremst for Bergensregionen, og som står på fleire bein: Naturbruk, tilrettelagt opplæring og idrett. Elevtalet har gått rett til værs dei siste åra, men den tradisjonsrike agronomutdanninga er nesten borte.

Boka er rikt illustrert med både nye og historiske foto.