Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Soga om Fridtjov den frøkne er ei av det mest kjende norrøne sogene utanfor Noreg.

Soga handlar om Fridtjov frå Framnes og hans kjærleik til Ingebjørg, dottera til kong Bele. Etter at kongen døde, kjem Fridtjov og brørne til Ingebjørg i krangel. Brørne er i mot eit bryllaup mellom Ingebjørg og Fridtjov. Dei driv Fridtjov frå garden og gifter etter kvart systera bort til den mange tiår eldre kong Ring. Men Fridtjov er klok og får til slutt både Ingebjørg og kong Ring sitt store rike.

Denne nye omsetjinga er av Jon Fosse og basert på det opphavlege og lengste handskriftet av soga frå 1300-talet. Soga er ei underhaldande og lettlesen forteljing, som samstundes gjev godt innsyn i tru, skikkar og mentalitet i vikingtida.

Denne nye omsetjinga bidreg til å gjere soga kjend att i heimlandet Noreg, og den bør finnast i alle norske heimar.