Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.

Tanken hadde knapt slått meg før han begynte å verke, som ei sterk gift.

Stefan Zweig blir rekna som den store meister i novellekunsten. Saman med Thomas Mann blir austerrikaren rekna som den mest lesne tyskspråklege forfattaren i mellomkrigstida. På 1920-talet var Zweig den mest omsette forfattaren i verda.

Zweig reiste sjølv mykje, og verka hans er lagt til mange ulike stader i verda. Handlinga går ofte føre seg på reiser, på hotell, på skip, i tog, og forfattaren rører seg tilsynelatande uanstrengt rundt blant ulike personar, skjebnar og stader. 

I novellene sette den stadig reisande forfattaren ord på kjensla av å vere undervegs. Kombinasjonen av øm psykologisk innsikt og fengslande, scenisk forteljarkraft gjer at tekstane hans verkar like levande i dag som då dei blei skrivne. Mange av dei har blitt filmatiserte. Den populære filmen The Grand Budapest Hotel (2014) smeltar saman inspirasjon frå fleire av Zweigs verk.  

Etter nazistane si maktovertaking i 1933 blei Zweig tvungen ut i eit omflakkande eksil. Via England, USA, Paraquay og Argentina hamna han til slutt i Brasil. Etterkvart miste han fotfestet i det tyske riket. Han måtte gi opp samarbeidet med sin gode venn og forleggar Anton Kippenberg frå Insel Verlag i Leipzig, verka hans blei forbodne og brende på bokbåla. 

Den mest kjende av dei skjønnlitterære tekstane hans er Sjakknovelle, der han makta å kombinere forteljarevna si med den såre krigserfaringa. Denne la han siste hand på dagen før han tok livet sitt saman med kona, Lotte, i den vesle byen Petrópolis utanfor Rio i 1942.

Utvalet i denne samlinga består av Måneskinssmauet (1922), Brev frå ei ukjend kvinne (1922), Den usynlege samlinga (1927), Uventa innføring i eit handverk (1931) og Sjakknovelle (1942). Av desse har berre Sjakknovelle tidlegare kome ut på norsk.



SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Følg klassikarserien på Facebook @nynorskeklassikarar