Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Boka er ei samling segner med opphav frå bygdene rundt Sognefjorden. Dei frodige forteljingane om huldrer og trollkjerringar, jolereia og gjengangarar, mara og mannbjørnar har røter langt tilbake i sogningane si kulturhistorie. Dei vart samla inn av Olav Sande på slutten av 1800-talet, men berre nokre få av dei er allment kjende. 

Kjersti Isdal har gjort utvalet av segnene og illustrert dei, Odd Njøs har gitt dei ei meir moderne språkdrakt. Mange av illustrasjonane har element frå folkekunsten i Sogn.