Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Det er ikkje noko hemmelegheit: ungar elskar å bli skremde, iallfall så lenge det er i ei leiken og fantasifull form. Og då passar det bra med ein ekte grøssar for barn i god tid før Halloween!

Simen Hagerup si gendikting av Malte Perssons Reisa til verdas farlegaste land tek barna med på ei spøkelsesreise gjennom eit hus med mange rom og mange grufulle opplevingar. Du møter fæle kjemper, kvesande tussar, ei rufsete prinsesse og gigantiske sjøuhyre. I verdas største slott er det både skrekk og grusom gru, men ikkje ver redd, følg med – det fins ein veg ut!

Ein eventyrroman i bildebokformat, testlese og godkjend av Sverre 5 år.