skald.no > Utgjevingar > Rein Luksus

Arve Ullebø, Arve Sandal

Rein Luksus

Rein Luksus

Ei reise i Sogn og Fjordane gir kjensle av lukke og rein luksus - bli med på ei reise frå Stad til Store Skagastølstind!
I boka møter du ekstremistar som slepper seg 1000 meter ned frå steile tindar, familiefolk som meskar seg med alt fjorden har å by på, for ikkje å snakke om menneske som synest breen er best i måneskin.


Innb. 24 x 26 cm, nynorsk, 192 sider

Sogn og Fjordane er eit unikt stykke Norge som turistar reiser verda rundt for å oppleve ein gong i livet. Forfattar Arve Sandal og fotograf Arve Ullebø har vandra, padla, sykla, klatra, fiska og jakta frå kyst til fjell i Sogn og Fjordane. Bli med dei til soloppgang på ei fjellhylle i Nærøyfjorden og opplev lyssymfonien. Kom til grotta under Jostedalsbreen og sjå signaturen av Norge. Klatre over Norges høgste fjellrygg og møt toppen av lukke på Storen. Eller sjå kva som skjer når ungane i Barnas Turlag er guidar for ein dag. Rein luksus er ei oppdagingsreise i det vakraste Norge.

UTSELD

Last ned smakebit frå boka her:
- Smakebit: Rein luksus
ISBN 9788279591337
Kr 398,-