skald.no > Utgjevingar > Ordleiksboka

Stina Langlo Ørdal, Olaf Husby

Ordleiksboka

Ordleiksboka

Har du nokon gong tenkt på at ein elgjeger jaktar på elg, men kva med ein fallskjermjeger? Eller at alligatorsko er laga av alligatorskinn, men kva så med hestesko?

Innb. 16,7 x 23,8 cm, nynorsk, s. 218, leseband

Visste du at det første talet som inneheld a, er atten, det neste er milliard? Er du illfus av og til? Og veit du kva pesshesta er for noko?

Bli med på ei oppdagingsferd i språkverda – ei verd full av merkverdige og spennande ord og bokstavar, og ein leikeplass med overraskingar på kvar side.

Gjennom humoristiske ordleikar vert barna oppmoda til leik med ord, uttrykk, ordtak og dialektord. Ei myldrande bok for både store og små, språkinteresserte og dei som skal bli det.

Målgruppe: Boka er kjekkast å lese i lag med heile familien og som ei inspirerande leikebok. Medan litt yngre barn kan ha glede av biletorda og bokstavdyra, kan barn i lesealder prøve seg på varierte ordleikar.

Medforfattarar i boka:
Sylfest Lomheim
Øystein Vangsnes

Last ned ein smakebit av boka her:
- Smakebit: Ordleiksboka

PRESSE OG MEDIA OM BOKA:
– Ei raus utgjeving prega av overskot og ord-glede, skriv Janne Karin Støylen (nynorskbok.no).
Les heile omtalen her: www.nynorskbok.no.

– En vakker bok der illustrasjon og design er sømløst sammenvevd, skriv juryen av Årets Vakreste Bøker 2009 som gav gullmedaljen til boka.
Les heile grunngjevinga her: www.grafill.no.

– Jeg skulle ønske denne boka kunne bli brukt i skolen for barn som trenger en påminnelse om hvor spennende språk egentlig er, skriv Adele Lærum Duus (barnebokkritikk.no)
Les heile omtalen her: www.barnebokkritikk.no.

– En unik og nyskapende norsk barnebok. […] Å bruke humor som en vellykket pedagogisk tilnærming skal forfatterne ha honnør for. […] Sjelden ser en illustrsajoner og tekst gli så godt over i hverandre som i Ordleiksboka, skriv Bård Gram Økland i Barn i byen (januar 2009)

– Dette er paradis for bokstav- og språkelskere. […] Det er en fryd å bla seg framover. (NRK sakprosa, 21. januar 2009)

Høyr omtalen her: www.nrk.no. eller gå inn på http://www.nrk.no/programmer/sider/bok_i_p2/ og klikk på Bok i P2, 21. januar kl. 17:03.

– Vestlandsforlaget Skald har utmerket seg med flere spennende nynorske bøker for barn. En av dem er Ordleiksboka skrevet av Olaf Husby og med sprelske og morsomme illustrasjoner av Stina Langlo Ørdal, står det i omtalen under Ukens utvalgte i Bok og Samfunn (16. januar 2009)

– Full av godt humør og artige oppgaver, skriv Bjarte Botnen i Vårt land.

– Den myldrar av aktiviserande språkleikar, underfundige opplysningar, morosame teikningar og grafiske krumspring. (Bergens Tidende, 8. desember 2008)


ISBN 9788279591269
Kr 298,-