Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Bli med på ei rik reise langs Sognefjorden – frå kysten i vest til Jotunheimen i aust. Den allsidige reiseguiden er ei praktisk handbok og ei fyldig illustrert praktbok med kart og fakta som gir inspirasjon og informasjon om kva kommunane langs Sognefjorden har å by på – frå historiske attraksjonar til fotturar, aktivitetar og moderne friluftsliv. 

Boka dekker kommunane Solund, Hyllestad, Gulen, Høyanger, Balestrand, Vik, Aurland, Lærdal, Årdal, Leikanger, Sogndal og Luster. Kvar kommune er presentert med oversiktelege kart der attraksjonane og aktivitetane er teikna inn. Saman med fyldig faktainformasjon blir det lett for både tilreisande og fastbuande å finne fram. Gjennom boka blir vi kjende med eit breitt utval av kultur- og naturopplevingar som fjord-, bre og fjellaktivitetar, nasjonale turistvegar, stav- og steinkyrkjer m.m.