Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

I denne boka fortel forfattar Finn Måge den lange historia til fruktdyrkinga i Noreg.

Med utgangspunkt i Hardanger tar han for seg heile det norske fruktlandet og følgjer utviklinga fram til moderne tid. Noreg ligg langt mot nord, sommaren er kort og kjøleg, og det har skapt utfordringar for fruktbøndene både med omsyn til sortsval, fruktkvalitet og plantevernarbeid. Utviklinga av fruktdyrking som næringsveg er sentral i boka, samt vegen til å finne fram til sortar som gir stor avling av god kvalitet. Sortar som har vore dyrka i Noreg er presenterte, og Måge fortel detaljert om dyrkingsmetodar, lagring, sortering, emballasje, pakking, distribusjon,  omsetningsstatistikk og fruktutstillingar.

Boka er den første som samlar så detaljert kunnskap om denne delen av norsk landbrukshistorie.