skald.no > Utgjevingar > Nattergal
I debutromanen «NATTERGAL» har Kai Martin Brekke lagt handlinga til barndomsbygda Flåm. Boka er innkjøpt av Norsk kulturråd og finst også i pocketutgåve.
ISBN 978-82-7959-073-6 (hefta)
Kr 99,-
Ei hetebølgje har lenge halde bygda i eit jarngrep. Sommaren skal bli endå varmare. Drepande varm, og blodig. Ein amerikansk professor blir funnen myrda på Flåmsbana. I jakta på gjerningsmannen møter lensmann Mikkel Holo ei ukjend side av bygda si historie, eit dødeleg kvinnefellesskap og skruppellause hemnarar. Nattergalen syng i Flåm og set etterforskingsteamet på ein manndomsprøve før det endelege oppgjeret ved ein av dei mange turistattraksjonane i bygda.
Innb, nynorsk, 176 sider
PRESSEOMTALER:
– Et funn for de som liker hardkokt bygdekrim med internasjonalt tilsnitt, meinar Sølvi Fosseide (NRK P2, Kulturbeitet, 30. mars).
– Kai Martin Brekke kan kunsten å fortelle en historie, skriv Sindre Hovdenakk (VG, 1. april).
– Det er driv over forteljinga, skriv Magnhild Bruheim (Sogn Avis, 5. april)
– Herleg sognakrim, skriv Line Sandvik (Hallingdølen, 8. april)
– I intensiteten kan Nattergal nesten måla seg opp mot Da Vinci-koden, skriv Maria Svendsen (Motmæle)
NEDLASTINGAR:
Les ein smakebit her:
- Smakebit av Kai Martin Brekkes debutkrim «Nattergal»
ISBN 987-82-7959-072-9
Kr 188,-