skald.no > Utgjevingar > Nærøyfjorden

Johs. B. Thue

Nærøyfjorden

Nærøyfjorden

Fjordlandskapet rundt Nærøyfjorden vart i 2005 innskrive på UNESCO si Verdsarvliste over dei mest spesielle og verneverdige naturområda i verda.

Kvart år reiser over 300 000 turistar inn denne tronge fjorden som er omkransa av dramatiske fjell og høge fossefall. Til dette landskapet tar Johs. B. Thue oss med på ei reise - i fortid og notid, sommar og vinter.

Forfattaren fortel om korleis fjordlandskapet vart forma, om fjorden som ferdsleveg og om korleis folk har levd her. Vi møter viking og geitebonde, diktar og spelemann. Og han let oss få smake på lokale matvarer som geitost og røykelaks. Boka inneheld kart og er rikt illustrert.

Innb, 14,5 x 23,5 cm, 88 sider

ISBN 978-82-7959-074-3 (nynorsk)
ISBN 978-82-7959-075-0 (engelsk)

PRESSEOMTALER:
– En glimrende fortellerbok, skriv Øivind Ask (BT, 19. juni)

NEDLASTINGER:
– Last ned ein smakebit av boka her: Nærøyfjorden

– Last ned bokplakaten her: BokplakatNF.pdf

– Du treng Adobe Reader til å opne fila. Programmet kan du laste ned gratis her: - Adobe Reader

ISBN 978-82-7959-074-3
Kr 198,-