Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Forfattaren Rolf Sagen kjøper ein båt på Nordvestlandet, og i lag med den tidlegare sjømannen Artur legg han ut på ei ferd til Oslo, gjennom kjende og ukjende landskap, til eit nytt liv i hovudstaden.

Meir enn nokon annan forfattar har Rolf Sagen klart å skildre det norske Vestlandet, ved hjelp av eit observerande blikk og ein vill fantasi. I den lyriske romanen MS Liv, basert på ei loggbok frå sommaren 1970, møter den aldrande forfattaren seg sjølv i ung utgåve. Vi blir kjend med den unge Sagens poetiske og lakoniske måte å sjå verda på, og er med på oppdagingsreisa hans i eit landskap han seinare skal vere med på å forme. I skildringa hans verkar landskapet nytt – får liv, farge, ein faretruande undertone, og nokre gonger er det som om det går hòl på boksidene og vatnet strøymer ut.