Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Frå 2014 til 2016 møttest til saman 44 kunstnarar frå Hardanger og resten av Norden til eit storslått kunstprosjekt ved Hardangerfjorden. Kunstnarane skapte unike skulpturar og installasjonar i Norheimsund, på Bu ved Hardangerbrua, på Mælen i Herand og på Hardanger folkemuseum på Utne. Nokre av kunstverka kan opplevast i fleire år, medan andre fekk ei kortare levetid. Men alle dei 55 kunstverka lever vidare gjennom denne boka.