Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Fotografen Leiv Bergum har gjennom eit langt liv jakta etter dei vakre bileta i Sogn og Fjordane, til fots, langs veg, langs sjø, og i lufta. 65 år med kamera har resultert i over ti millionar selde prospektkort med elvar, brear, fjordar og fjell som motiv.

Boka skildrar den vestlandsnaturen som kvart år tiltrekker seg turistar frå heile verda i eit tal større enn det fastbuande folketalet. Sett med turisten sine auge er det unikt at det bur så mange menneske i det ville landskapet. Kan hende treng også fastbuande å bli minna om den storslåtte naturen som omgjer dei til dagleg?

Henning Rivedal fortel historia bak lyset og skuggane i bileta til Bergum. Med fjordlandskapet på Unescos verdsarvliste utgjer boka Med helsing frå Sogn og Fjordane eit viktig og vakkert verk.