Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Luisa og Ugla er veldig ulike: Luisa er ei jente, og Ugla er ei ugle. Dei er alltid i lag. Og når Luisa spelar fiolin, då flyg Ugla dansande glad rundt henne.

Men når Luisa høyrer dei andre kviskra at ei ugle og ei jente jo ikkje kunne vera venner, blir ho lei seg. Så reiser ho for å finne nokon som passar til ho.

Undervegs møter ho både meir og mindre rare vesen, og ho kjenner at ho er einsam. Men kanskje ho ikkje er heilt åleine?
Ei hjartevarmande forteljing om ein litt uvanleg venskap.