skald.no > Utgjevingar > Levd liv

Aage Engesæter, Anna Avdem, Lars Asle Vold

Levd liv

Levd liv

Levd liv fortel soga om sogningane frå steinalderen til i dag. Korleis levde dei? Kva levde dei av? Boka skildrar fortida så levande at vi blir dregne inn i soga. Vi luktar røyken i dei gamle stovene. Livet til sogningane gjenspeglar på mange måtar livet til nordmennene generelt. Slik er denne boka også eit stykke noregs-historie, sett med sogningane sine auge.

Innb. 24 x 26 cm, nynorsk, 336 sider.

Forfattarane og fotografen har gjennom ord og bilete pusta liv i dei gamle husa på De Heibergske Samlinger, folkemuseet som i 2009 feirar 100-årsjubileum. Historia til museet er skildra bak i boka. Her ser vi den store innsatsen til eldsjelene som har teke vare på fortida vår, slik at vi kan ta ho med oss inn i framtida.

Last ned smakebit frå boka her:
- Smakebit: Levd liv

PRESSE OG MEDIA OM BOKA:

Høyr Nrk Museum sitt intervju med forfattarane Aage Engesæter og Anna Avdem.

– Norgeshistorie med sognasleng […] Framifrå gjort! […] Den fenger!
(Hans Jakob Reite, NRK SFJ)
Høyr bokmeldinga her: blogg.nrk.no

ISBN 978-82-7959-132-0
Kr 499,-