Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Musikar Karl Seglem har arbeidd med lydunivers i over 25 år. Lyttande, leikande og søkjande i musikalske landskap, har han funne sin eigen klang. I hans nye diktsamling Kvit frekvens, stille spor tek han temaet med seg inn i poesien. 

I boka blir lesaren utfordra til å lytte til lydane som ligg i sjølve diktet, og samspelet mellom ord og lyd. Boka er delt i to. Den første delen tek utgangspunkt i det menneskeskapte, mekaniske og urbane, medan del to er nært knytt til naturen, årstidene og minne. Omslaget og dei to delane vert opna med teikningar av Andreas Töpfer, kjent som husteiknar for kulturtidsskriftet Vagant. I illustrasjonane knytt han det naturlege og det urbane saman på ein kunstnarisk måte. Töpfer står også bak designen og materialvalet for boka.

Dette er lydenes poesi.

Relaterte titlar