skald.no > Utgjevingar > Kjartan Slettemark – kunsten å falle
Kunstnaren Kjartan Slettemark (1932–2008) døydde i fjor og får såleis ikkje oppleva denne frodige fotoboka som han sjølv var med på å planleggja. Bileta er tekne av hans gode ven, fotografen Brita Olsson. Ho følgjer sunnfjordingen frå han gjorde svenske av seg på seksti-talet og heilt fram til 2008. Dette har resultert i eit fotodokumentarisk praktverk.
Innb. 19,8 x 26,7 cm, nynorsk, 272 sider
Slettemark (1932–2008) voks opp på den isolerte vestlandsgarden Slettemark i Naustdal i Sogn og Fjordane. I 1959 flytte han til Stockholm og etablerte seg som kunstnar der. I 1967 møtte han fotografen Brita Olsson, og dette resulterte i livslang venskap der Olsson fotograferte mange hendingar i Slettemarks liv. Idun A. Husabø har sett tekstar til bildeforteljinga basert på intervju med m.a. Olsson, Slettemarks sambuar Karin Grönlund og broren Jakob Slettemark. Boka inneheld i tillegg ein kunstfagleg tekst om Kjartan Slettemark, skriven av den svenske kunstnaren og skribenten Susanna Slöör.
GULL I ÅRETS VAKRESTE BØKER 2010!
Les smakebit frå boka her:
- Smakebit: Kjartan Slettemark - kunsten å falle
PRESSE OG MEDIA OM BOKA:
– Herlig om Slettemark, skriv Truls Ramberg i Aftenposten.
– Fin dokumentarbok om kunstneren Kjartan Slettemarks enestående liv og virke, skriv Sindre Hovdenakk i VG og gir boka terningkast fem.
- Boka er selvfølgelig nydelig, skriv Tommy Olsson i Morgenbladet.
Les kva Dagsavisen skriv: www.dagsavisen.no
Høyr Nrk Sogn og Fjordane sitt intervju med Slettemark sin sambuar Katrin Grönlund og fotograf Brita Olsson.
– En oppsiktsvekkende dokumentasjon, skriv Ingrid Røise Kielland i D2-magasinet.
– Frodig bok om Slettemark, www.firda.no
– Det har helt enkelt blivit ett slags oumbärligt, om än fullkomligt okritiskt, grunddokument för den som intresserar sig för Kjartan Slettemark, seier Mats Arviddson i Svensk Radio Kulturnytt .
ISBN 978-82-7959-123-8
Kr 448,-