Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Kunstnaren Kjartan Slettemark (1932–2008) fekk ikkje oppleva denne frodige fotoboka som han sjølv var med på å planleggja. Han døydde året før boka vart lansert. Bileta er tekne av hans gode ven, fotografen Brita Olsson. Ho følgjer sunnfjordingen frå han gjorde svenske av seg på seksti-talet og heilt fram til 2008. Dette har resultert i eit fotodokumentarisk praktverk. 

Slettemark voks opp på den isolerte vestlandsgarden Slettemark i Naustdal i Sogn og Fjordane. I 1959 flytte han til Stockholm og etablerte seg som kunstnar der. I 1967 møtte han fotografen Brita Olsson, og dette resulterte i livslang venskap der Olsson fotograferte mange hendingar i Slettemarks liv. Idun A. Husabø har sett tekstar til bildeforteljinga basert på intervju med m.a. Olsson, Slettemarks sambuar Karin Grönlund og broren Jakob Slettemark. Boka inneheld i tillegg ein kunstfagleg tekst om Kjartan Slettemark, skriven av den svenske kunstnaren og skribenten Susanna Slöör.