skald.no > Utgjevingar > Karl Oscar i hardt vêr
Kva er makrellskyer? Har du høyrt om skytromber? Og korleis blir eigentleg lyn og tore til?
Ei morosam og annleis vêrbok for heile familien.
Innb, 24,5 x 22,5 cm, nynorsk, 38 sider
Katten Karl Oscar vil ikkje vera åleine heime når heile familien reiser på sommarferie. Han heng seg på takstativet til bilen og blir med. Plutseleg tek ein kastevind tak i han og slengjer han langt av stad. Karl Oscar brukar eit heilt år på å finna vegen heim, og han må vera ute i all slags vêr.
Ein edderkopp følgjer Karl Oscar heile turen. I små faktatekstar forklarer han dei ulike vêrfenomena for oss.
Målgruppe: Sjølve historia eignar seg til høgtlesing for barn frå 4 år. Faktatekstane rettar seg mot ei litt eldre målgruppe (frå 6 år) og til foreldre som kan bruke dei som utgangspunkt til å forklare vêrfenomena.
PRESSE OG MEDIA OM BOKA:
– www.nynorskbok.no
– www.barnebokkritikk.no
– En annerledes og poetisk værbok, skriv Elisabeth Høye i Foreldre og barn (12/2007)
– Ei glimrande vêrbok for barn, skriv Line Sandvik (Hallingdølen sitt haustmagasin 2007).
– Vakkert formulert, skriv Kirsten Viker Lunde (Oppland Arbeiderblad, 26.09.07). Les heile omtalen på: www.oa.no
– Sjå tv2.no: www.tv2.no
– Sjå ba.no: www.ba.no
– Høyr morgonsendinga frå Nrk Sogn og Fjordane, 14.9. kl 8.15: www.nrk.no
– Sjå sognavis.no: www.sognavis.no
Bla i boka her:
- Smakebit Karl Oscar
ISBN 9788279591085
Kr 198,-