Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Den nye krimmen til Kai Martin Brekke er den tredje boka om politietterforskar Mikkel Holo. Ein mann vert funnen naken og ihelfrosen i ein robåt på Sognefjorden. Mannen er ein framtredande person i lokalsamfunnet med eit nettverk som strekkjer seg over heile Vestlandet.

Mikkel Holo har fått ny jobb som spesialetterforskar for ei nyoppretta gruppe med base i Sogndal. Han har sjølv handplukka dei to andre i teamet, og dei får ein elddåp med etterforskinga av drapet. Saka er vanskeleg, og det viser seg at sentrale personar i fylkesadministrasjonen og innan reiselivet er involverte.