skald.no > Utgjevingar > Kald finale

Kai Martin Brekke

Kald finale

Kald finale

Den nye krimmen til Kai Martin Brekke er den tredje boka om politietterforskar Mikkel Holo. Ein mann vert funnen naken og ihelfrosen i ein robåt på Sognefjorden. Mannen er ein framtredande person i lokalsamfunnet med eit nettverk som strekkjer seg over heile Vestlandet.

Mikkel Holo har fått ny jobb som spesialetterforskar for ei nyoppretta gruppe med base i Sogndal. Han har sjølv handplukka dei to andre i teamet, og dei får ein elddåp med etterforskinga av drapet. Saka er vanskeleg, og det viser seg at sentrale personar i fylkesadministrasjonen og innan reiselivet er involverte.

PRESSE OG MEDIA OM BOKA:

"Velskriven krim med ein spennande slutt." Frå NRK-bloggen På scenekanten av Hans Jakob Reite.

"Ei krimbok som eg las med glupande lesesvolt." Johs. B. Thue melder for Sogn Avis.

"Det er spennande å følgje intrigen heilt fram, og boka er vond å legge bort undervegs." Olav J. Bøthun melder for Hallingdølen.

ISBN 9788279591719
Kr 299,-