skald.no > Utgjevingar > Jostedalsbreen

Karen Weichert

Jostedalsbreen

Jostedalsbreen

I boka tek forfattaren Karen Weichert lesaren med på reise på den største breen på det europeiske fastlandet.

Innb, 14,5 x 23,5 cm, 96 sider

ISBN 9788279591153 (engelsk)
ISBN 9788279591283 (tysk)

Jostedalsbreen vert kvart år besøkt av fleire hundre tusen turistar frå både inn- og utland, og dei fleste bygdene rundt den store platåbreen har vore attraktive reisemål i over hundre år.

Jostedalsbreen er stadig i endring, og det gjer han spennande og annleis ved kvart einaste besøk. I boka fortel Weichert om korleis breen vart til og korleis han var med på å skape det unike vestlandske fjordlandskapet. Samtidig viser ho glimt frå livet rundt breen før og no.

Jostedalsbreen er den sjette boka i SKALD sin djuptgåande turistbokserie som kjem ut i fleire språkutgåver. Minipraktbøkene eignar seg også som gåvebøker til både nordmenn og utlendingar.

PRESSE OM BOKA:
– I skolesammenheng vil denne snertne, rikt illustrerte boka, være god plusslitteratur i geografiundervisningen. (Utdanning, 5. januar 2009)
Les heile omtalen her: www.utdanning.ws

Bla i boka her:
- Smakebit: Jostedalsbreen

ISBN 9788279591160
Kr 199,-