Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Ei makalaus dokumentering av ei heil bygd!

Fotograf Oddleiv Apneseth har eit heilt spesielt auge for å vinkla kvardagsmenneske og situasjonar. I 2008 tok han bilete av folk i Jølster, som fekk mykje merksemd i pressa over heile landet og utstillingar i både utland og innland. No er fotografia samla i bokform, ei bok for alle jølstringar men òg for dei som vil sjå eit stykke vestland i ein noko utradisjonell setting. 

Fokuset har vore på tinga ein omgjev seg med i forbrukarsamfunnet; flatskjermar, gravemaskiner, telefonmaster. Boka gjev såleis innblikk i dagleglivet i ei vakker vestlandsbygd anno 2008, og fortel samstundes noko om samtida nordmenn lever i.