skald.no > Utgjevingar > Jølster

Oddleiv Apneseth

Jølster

Jølster

Ei makalaus dokumentering av ei heil bygd! Fotograf Oddleiv Apneseth har eit heilt spesielt auge for å vinkla kvardagsmenneske og situasjonar. I 2008 tok han bilete av folk i Jølster, som fekk mykje merksemd i pressa over heile landet og utstillingar i både utland og innland. No er fotografia samla i bokform, ei bok for alle jølstringar men òg for dei som vil sjå eit stykke vestland i ein noko utradisjonell setting.

Innb. 29,5 x 24,5 cm, nynorsk, 336 sider.

Fokuset har vore på tinga ein omgjev seg med i forbrukarsamfunnet; flatskjermar, gravemaskiner, telefonmaster. Boka gjev såleis innblikk i dagleglivet i ei vakker vestlandsbygd anno 2008, og fortel samstundes noko om samtida nordmenn
lever i.

Les smakebit frå boka her:
- Smakebit: Jølster


ISBN 9788279591498
Kr 568,-