Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

I Angelika Klüssendorfs kritikarroste oppvekstroman frå DDR møter vi ei namnlaus tenåringsjente og følgjer oppveksten hennar frå tidleg tenåra til 17. årsdagen. Ho er tøff og den raskaste i klassa i langdistanse. Jenta elskar bøker, kan fortelje historier og får dei andre til å le. Ho er forelska i ein eldre gut, akkurat som dei andre jentene.

Men jenta veks opp i ein familie i oppløysing. Mora orkar ikkje å vere mor, og den alkoholiserte faren er fråverande. Broren er for liten til å gi opp håpet om at ein dag skal alt bli betre. Jenta prøver å rømme frå det som omgir henne: familien sitt tyranni, dei systemtru lærarane, den autoritære staten.

I forfattaren Angelika Klüssendorfs litteratur møtest ytterpunkta, det sterke treff det svake, det støyande det stille. Jenta er skjør og samstundes brutal, historisk og aktuell.

Den norske utgjevinga er støtta av Goethe institutt.