Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Høyanger – makter og menneske inneheld elleve forteljingar om kvinner og menn som har etterlate seg djupe fotavtrykk i Høyangers historie. Forteljingar om hendingar og lagnader som har vore med på å forme Høyangers sjel.

Forfattar Jørg Kvam fortel om eit samfunn med industrikulturens sosiale skillelinjer, men framfor alt om eit fellesskap med rikt og mangfaldig kulturliv, sann patriotisme, slitesterk dugnadsånd og urokkelig framtidstru. Forteljingane er frå dei siste hundre åra, og tematisk femner boka vidt – frå kyrkjehistorie til drama og lagnader frå krigsåra, det siste ei lite dokumentert side av Høyangers historie.

Gjemt mellom Sognefjords villsomme fjelle, heiter det i Høyangersongen. Med denne boka set forfattaren Høyanger både på norgeskartet og verdskartet.  

Relaterte titlar