skald.no > Utgjevingar > Horisontar

Finn Egil Eide

Horisontar

Horisontar

Med Horisontar tek Eide eit stort steg vidare i si litterære utvikling – samtidig som han held fast i tema og motiv vi kjenner frå tidlegare.
Horisontar er ei samansett, mangfaldig tekstsamling. Med denne samlinga har Finn Egil Eide plassert seg som ein sentral forfattar i den nyare litteraturen i Sogn og Fjordane.

Samlinga er sett saman av 53 dikt, delt i 9 bolkar. Tittelen ”Horisontar” peikar både mot det nære landskapet og mot grenser for opplevingane våre – men også mot noko som er bortanfor, utanfor det vi umiddelbart sansar.

Identitet, landskap og tid er tre viktige motiv som vert repeterte og spelte ut mot kvarandre i Eide si særmerkte veksling mellom konkrete sansingar og filosofiske refleksjonar. Undringa er såleis eit berande element i Eide sine dikt.

Last ned ein smakebit av boka her:
- Smakebit Horisontar

ISBN 9788279591122
Kr 198,-