Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Friluftsfolk ønskjer seg opne og gamle skogar der det er lett å ta seg fram. Mange nordiske spørjeundersøkingar kan dokumentere dette. Dei ønskjer seg ein variert skogstruktur med utsikt til stadig nye landskap og nye opplevingar medan dei vandrar. Utsikta til tradisjonelle kulturlandskap er ein del av dette.

Like ved Bergen ligg Hordnesskogen, ein av få slike gamle naturskogar vi har att som også ligg nær sentrum av ein stor by. Hordnesskogen er omtala i skriftlege kjelder tilbake til 1700-talet, men har spor etter bruk endå lenger tilbake i tid. Denne skogen har enno område der trea får stå til dei vert gamle, og boka viser glimt frå ei vandring gjennom dei ulike vakre landskapsroma.