skald.no > Utgjevingar > Heldige Jemini
Herr Jemini er heldig – uansett kva som skjer. Ved første augekast kan det sjå ut som om Herr Jemini er ein ulykkesfugl. Han dett ned trappa, mister kofferten sin og snublar i tauet. Men likevel er han heldig.
Uhella fører til at han finn att nøklane sine, får seg ein ny dress
og ser ein vidunderleg flott fisk. Han synest han er ganske heldig.
Herr Jemini inspirerer barn til å sjå det positive i ein kvar situasjon. Dei små hell-i-uhell-historiene vert levande gjennom Soganci sine fantasifulle illustrasjonar. Sceneskildringane i boka byggjer opp eit parallelt tidsperspektiv. Samtidig som vi er i Jemini sine små historier, sit vi også ved bordet med kona hans.
Boka er universell og kan gi leseglede til heile familien. Der dei minste har moro med å telje, kan eldre barn lære å sjå det positive i, ved første augekast, litt uheldige situasjonar.
Dette er ei bok for alle.
Innb, 18 x 24,5 cm, nynorsk, 32 sider
Målgruppa: Boka eignar seg som høgtlesingsbok for barn frå 4 år. Scenetilvisingane i bakgrunnen opnar for ein to-dimensjonalitet. Medan teikningane og hovudteksten fortel om uhella til Jemini, ser scenetilvisingane heile tida tilbake på middagsbordet der Jemini sit og fortel historiene sine. Her er det nok foreldre som må sjå samanhengen og vidareformidle den til barna. Elles er tekstane gode som telje- og fantasiøving.
PRESSEOMTALER:
– Dette er ei bok til å bli i godt humør av, skriv Halldis Furre i Pirion (nr. 4/2007).
Les heile omtalen: www.pirion.no
– En kjærlighetshistorie, en hell-i-uhell-katalog, en original tellebok, skriv Nina Goga (barnebokkritikk.no). Les heile omtalen på her: www.barnebokkritikk.no
– Illustrasjonene er sprudlende, lett surrealistiske. I det hele tatt en nytelse for både unge og gamle, skriv Tormod Halleraker (Foreldre og barn, nr. 4/2007)
Bla i boka her:
- Smakebit Heldige Jemini
ISBN 9788279590941
Kr 189,-