Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.

Ola Drage vaks opp i tronge kår i ei forblåst fiskarbygd på Stadtlandet. Som smågut arbeidde han i slodungane på kaia. Ein skulemeister som mislikte han gav han "Nogen" i det meste.

Men ungguten med det eineståande anlegget for praktisk arbeid og bygningskonstruksjon kom seg ut, opp og fram. I førti år som entreprenør har han arbeidd dag og natt, tatt hårreisande sjansar, tent og tapt millionar. Han har tøygd alle livest strikkar til brestepunktet, og ofte forbi det, men som ein katt har han landa på beina, gong på gong.

Harde tak og store pengar, soga om Ola Drage er ei ramsalt, heilnorsk bygdehistorie, om fattigguten som slo seg opp i næringslivet. I denne boka fortel han sitt livs historie, akkurat slik det var.